Fjordabladet

Fjordabladet held til på Nordfjordeid, midt i Nordfjord, og er den eldste avisa i Sogn og Fjordane. Fjordabladet sin redaksjon hadde fire faste journalistar, i tillegg til ansvarleg redaktør/dagleg leiar. 2018 var eit år med mange hendingar i vårt dekningsområde. Kommunesamanslåing har vore ei varm potet. Det har også handelsboom, skulestrid, ferjesambandet Lote-Anda, folkevekst, dårleg arbeidsmiljø og byggjeboom.

Fakta
Samlet opplag
Utgiversted Nordfjordeid
Ansvarlig redaktør Ingebjørg Nilsen Stokkenes (49)
Eid, Selje
Kommer ut Tysdag og fredag
Daglige lesere totalt
5500
Daglige brukere på nett
2400
Daglige brukere på mobil
1700
Fordeling lesere
  • Antall sider produsert
  • 2832
  • Redaksjonelle årsverk
  • 5
  • Fordeling stoff/annonser
  • Antall lederartikler
  • 99
  • Antall kommentarer
  • 3
  • Antall innlegg på nett
  • 0
  • Refuserte innlegg på nett
  • 0
  • Antall leserinnlegg
  • 190

    Mål og prioriteringer

    Fjordabladet skal vere ein viktig og synleg aktør i lokalsamfunnet, og vere raskt ute med dei viktigaste lokale nyhenda. Vi skal ha hovudfokus på nyhende, men ha ei god blanding av gode og nære reportasjar, sport og kultur. Vi skal følgje folk i vårt område frå vogge til grav. Vi skal prioritere både viktige saker frå næringslivet og møte med menneske, unge og eldre. Vi skal setje fingeren på det som ikkje fungerer i lokalsamfunnet, og fortelje historiene til dei som lukkast. Kvar dag skal vi engasjere og begeistre. Det er avgjerande å vidareføre den tette lesarkontakten vi har, og vere til stades i lokalmiljøet. Vi ønskjer å vere ei lokalavis alle «må ha» for å halde seg oppdatert i kva som skjer lokalt.

    Vi kan sjå tilbake på eit krevjande år, men eit år der talet på abonnentar har hatt ein jamn auke. Det er gledeleg å konstatere.

    Legg til i min rapport

    Avisens samfunnsrolle

    Vi skal informere om det som skjer, opne for debatt og overvake dei som sit med makta i samfunnet.
    Vi skal levere god lokal journalistikk på alle plattformer. Målet har vore å ha meir omfattande oppdateringar av nyhendesaker på nettsida vår, og det har vi klart.

    Vi har innført plan for nettsaker, og er bevisste på kva saker som skal plussast.

    Målet har vore å strekkje oss til å lage eit endå betre redaksjonelt produkt. Tilbakemeldingane og det auka talet på abonnentar viser at vi har lukkast, men vi skal strekkje oss endå lenger.

    Legg til i min rapport

    Saker som har prega våre spalter i 2018

    Endring av kommunegrenser. Eid og Selje skal bli nye Stad kommune, og dei får med seg Bryggja som bryt ut av Vågsøy. Det nye kommunekartet viser også igjen i spaltene våre, noko som også har ført til at vi har utvida området vi før dekte. Og engasjementet har vore stort i samband med kommunesamanslåing.

    Spaltene har også vore prega av at vi er i ein kulturkommune, med landskjende Malakoff Rockfestival og Opera Nordfjord, og med hundrevis av frivillige som står på for at desse kan eksistere.
    Her er også eit engasjert næringsliv, ein har opplevd høgare etableringsvilje og handelsboom med utvida kjøpesenter og mange tilreisande handlande til nettopp Nordfjordeid. 

    Samferdsle med ferjeproblematikk er også eit gjentakande og engasjerande tema, enten det er ferjer som ikkje går når dei skal, eller at ein har fått auka frekvens med to miljøferjer.

    Skuldingar om dårleg arbeidsmiljø i Eid kommune, og tilsette som har vorte sagt opp, har også fått mykje spalteplass dette året, og som har engasjert svært mange i lokalmiljøet. Få saker har gitt oss fleire tilbakemeldingar og stadfestingar, samtidig som det har vore svært vanskeleg å få leiarar i kommunen i tale.

    For Fjordabladet er det viktig å vise ein god miks av saker, enten det er alle dei frivillige som tar i eit tak for lokalsamfunnet, mangel på bygging av ny gangveg eller kamp om funksjonar og arbeidsplassar ved lokalsjukehuset. Fjordabladet følgjer lokalpolitikken tett.

     

    Mest leste saker

    Topp ti totalt:

    1. To personar døde i trafikkulykke 7.963
    2. Alexander Pavelich til stjernekamp 6.263
    3. Kongens fortjenestemedalje til Kari og Michael 5.771
    4. Blir felles gravferd 3.493
    5. Stor kø for Biltema 3.458
    6. – Mange treng støtte no 3.055
    7. Vil få fleire svar i dag 2.925
    8. Gutegjeng frå Eid svindla med kredittkort 2.758
    9. Dronninga sa hei til Mathea og Magnus 2.729
    10. Politiet frigjev namn på dei omkomne 2.652


     

    Topp ti saker (Plussa)

    1. Avviklar butikken 894
    2. Gifta seg under MC-jubileum 787
    3. Ni vil bli avdelingsleiar ved Eid vgs 723
    4. Fem unge frå Eid med i «Lovleg» 708
    5. Eigedomsskatten 706
    6. Har kjøpt tidlegare Nordfjord betong 658
    7. Satsar større i Eidsgata 650
    8. Sjå bilete frå Påskerevyen på Hauane 633
    9. Sluttar med Narvesen 633
    10. Store konsekvensar - har engasjert advokat 620

     

     

    Legg til i min rapport

    Journalistfaglig utvikling

    Til tross for omstilling meir mot nett, har Fjordabladet vore tru mot alle som held papiravisa. Og med endra kommunestruktur til ein større kommune ser vi potensialet til fleire abonnetar og at Fjordabladet skal halde fram med å vekse.

    Vi skal også i framtida spele ei svært viktig rolle i lokalsamfunnet, og vere «lim og lupe» i lokalmiljøet. Folk sal føle dei må ha avisa for å følgje med på det som skjer av stort og smått.

    Vi skal også i framtida spele ei svært viktig rolle i lokalsamfunnet, og vere «lim og lupe» i lokalmiljøet. Folk sal føle dei må ha avisa for å følgje med på det som skjer av stort og smått.

    Etikk

    Fjordabladet hadde ikkje PFU-saker i året vi har bak oss.

     

    Ingebjørg Nilsen Stokkenes, redaktør/dagleg leiar

    Legg til i min rapport