Fjordenes Tidende skal vere den viktigaste kanalen på formidling av historier og nyheiter på papir og nett for alle som bur i eller som er knytt til ytre Nordfjord og Bremanger. Vi skal vere tydelege på prioriteringar av kva vi meiner er viktige og mindre viktige saker vi skal omtale. Vi skal følgje folk i denne regionen frå vogge til grav.
Vi skal vere til å stole på, vere nær, frie og uavhengig, balanserte og aktuelle. Vi skal skape engasjement.
Saker som har prega våre spalter i 2018
Kommunereforma: Kommunereforma har prega våre spaltar både på nett og papir også i 2018. Årsaka til det er at tre av kommunane vi dekker har bestemt seg for å slå seg saman til nye kommunar etter 2020. Det er Vågsøy som skal slå seg saman med Flora kommune til Kinn kommune. Og så er det Selje og Eid kommunar som skal slå seg saman til Stad kommune. Vedtaka av dei to samanslåingane vart gjort tidleg i 2017.
Stad Kommune: Kommunestyra i Selje (2.791 innbyggarar) og Eid (6.064 innbyggarar) vedtok i januar 2017 å slå seg saman til Stad kommune. Fjordenes Tidende er nummer ein avis i Selje med rundt 70 prosent husstandsdekning, og har rundt 16 prosent husstandsdekning i Eid. Eid har i tillegg si eiga avis, Fjordabladet som har rundt 70 prosent husstandsdekning i Eid og berre 1 prosent dekning i Selje. Det er sett ned fellesnemnd med representantar frå b egge kommunane som jobbar med etablering av den nye kommunen. I 2018 har Fjordenes Tidende vore tett på arbeidet med å drifte dei to kommunane samstundes som dei planlegg og organiserer den nye kommunen. Det har ikkje vore så mykje usemje og «bråk» rundt denne samanslåinga.
Kinn kommune: Kommunestyra Vågsøy (6.031 innbyggarar) og Flora (11.999 innbyggarar) vedtok å slå seg saman til Kinn kommune i mars 2017.
I forhandlingane om intensjonsavtalen om Kinn kommune var ei tredje kommune som ligg mellom Vågsøy og Flora kommunar observatør under møta. Bremanger kommune (3.847 innbyggarar) var ønskt og invitert med i den nye kystkommunen. Men i Bremanger har det heile tida vore stor motstand mot å slå seg saman med andre kommunar. I Bremanger har engasjementet mot å slå seg saman vore stor, og i 2018 har ikkje det vore forhandlingar mellom Bremanger og fellesnemnda i Kinn. På stortinget har det ikkje vore fleirtal for å tvinge Bremanger inn i Kinn kommune. Dermed så er Kinn kommune blitt meir utfordrande med store avstandar og dårlege kommunikasjonar mellom Vågsøy og Flora. Kinn kommune har blitt omtala som den raraste kommunen i Norge.
Det har også prega debatten at Fylkesmannen godkjende at dei rundt 550 innbyggjarane på Bryggja, Maurstad og Totland i Vågsøy får skifte kommune til nye Stad kommune etter 2020. Dette godkjende så kommunalministaren.
I Vågsøy har det vore engasjerte debattar mellom dei som er for og mot at Vågsøy i Nordfjord slår seg saman med Sunnfjordkommunen Flora. Her synest det å vere ein stor politisk og folkeleg motstand mot samanslåinga. I Vågsøy vart det seint på året organisert underskriftskampanje med krav om folkerøysting. Tidleg i 2018 så bestemte fleirtalet i Vågsøy kommunestyre å gjennomføre ei folkerøysting der folk kunne seie om dei ville så seg saman med Flora kommune. Denne folkerøystinga vart gjennomført 11. juni 2018. I mars så gjennomførte Fjordenes Tidende saman med NRK og Firdaposten ei innbyggjarundersøking i Vågsøy for å finne ut korleis stemninga blant folk er. Resultatet viste at motstanden mot samanslåing med Flora har vakse, at det er færre tvilarar og at ja-andelen av innbyggarane er ganske lik innbyggjarundersøkinga som Vågsøy og Flora kommunar gjennomførte i Vågsøy i 2017. I tida mellom vedtaket om folkerøysting og i månadane fram til folkerøystinga så vart det ein svært engasjert debatt i Vågsøy. Pågangen av lesarbrev og ytringar i våre spaltar har aldri vore så stor som i denne perioden.
Resultatet av folkerøystinga synte at motstanden i folket er i fleirtal. Då kommunestyret dagar etter folkerøystinga skulle behandle resultatet, så vart det eit knapt fleirtal for å gå vidare med samanslåingsprosessen.

Situasjonen for Fjordenes Tidende som lokalavis: Kva vil desse grenseendringane bety for Fjordenes Tidende som har ein sterk fot inn i alle fire kommunane som vi dekker i dag, og som i ei eller anna form er involvert i endring av kommunegrensene? Kva vil dette bety fram til 2020 og ikkje minst etter 2020 då dei nye grensene er på plass? Vil dei nye grensene endre vesentleg på identiteten til folk og oppfatninga til kva ei lokalavis skal vere og levere? Vi må nok endre oss og tilpasse oss dei nye grenser.
Fjordenes Tidende vil vere ei av to lokalaviser i dei to nye kommunane. I Stad kommune er vi nummer-1 avis i eine delen av kommunen, i Selje, og Fjordabladet har denne posisjonen i den andre delen av kommunen, Eid kommune. I Kinn kommune har vi nummer-1-posisjon i nordre deler av den nye kommunen, dagens Vågsøy kommune. I søre deler av kommunen, Flora kommune, har Firdaposten denne posisjonen. Store avstandar og lang reisetid vil gjere det vanskeleg for begge redaksjonane og dekke alt i heile nye Kinn kommune like godt som vi gjer i hovudkommunane i dag. Med bil tek to timar å køyre ein veg mellom dei to kommunesentera Måløy og Flora, altså meir enn fire timar tur-retur. Skal ein reise kollektivt er det tre båtruter for dag som tek over ein time kvar veg. Utfordringa er at det er mange timar mellom kvar avgang. Både Fjordenes Tidende og Firdaposten har i tillegg sterke posisjonar i kommunen som deler den nye Kinn kommune i to, i Bremanger kommune.
Vi tenker at vi må lage redaksjonelt innhald bygd på identitet, kultur og felles interesser der vi har storparten av abonnentane. Vi må vere opptekne av viktige utfordringar og vedtak som angår folk i området vi dekker i dag. Vi må vere tett på næringsliv, idrett, kultur, samferdsle, skule, pleie og omsorg, barn, unge og eldre, folkeliv og personar som gjer spesielle ting i nedslagsfeltet der vi har flest abonnentar, i ytre Nordfjord og Bremanger. Sjølv om Vågsøy slår seg saman med ei Sunnfjordkommune så vil storparten av folk i Vågsøy framleis vere Nordfjordingar. Såleis trur vi at folk i Vågsøy gjerne vite kva som skjer både i den nye Stad kommune og i Bremanger som i dag også etter grenseendring. Det er også sagt at sjølv om Vågsøy blir ein del av Kinn, så skal dei kommunale tilboda etter 2020 vere som før 2020 og folk skal få løyst alle sine oppgåver i den delen av den nye kommunen som dei bur i. Sjølv om det står i intensjonsavtalen at nye Kinn kommune vil løyse alle interkommunale oppgåver sjølve, så er det seinare sagt at det vil bli samarbeidsprosjekt for Nordre Kinn med dei andre Nordfjordkommunane.
Utfordringa for Fjordenes Tidende blir å halde våre lesarar i nye nordre Kinn oppdatert på kva som skjer i søre deler av den nye kommunen. Det blir såleis utfordrande at vi kan skape felles identitet, felles kultur, felles entusiasme og felles bu- og arbeidsområde med så store avstandar og med så lite kjennskap til kvarandre.
Her er det snakk om store og viktige reformer som følgje av at kommunegrenser blir endra og kommunale tenester skal organiserast på nytt.
På leiarplass har redaktøren tidlegare teke til orde for at alle kommunane i Nordfjord burde vore ei ny kommune. Etter at vedtaka om Stad og Kinn kommunar har blitt vedteke så har redaktøren på leiarplass vore forsiktig med å ta klare standpunkt for det eine eller andre. Nokon meiner dette er feigt av redaktøren. Men forklaringa er at i desse viktige og store sakene så har det vore eit veldig sterkt engasjement på begge sider. Redaktøren vil ikkje at bastante meiningar på leiarplass skal legge føringar på folk sine meiningar og ikkje minst folk sine oppfatningar om vår journalistikk. Redaktøren er også så ærleg på at det er vanskeleg å ha ei bestemt oppfatning av kva som er blir bra og mindre bra når begge kommunane er tidleg i planleggingsfasen og mykje ikkje er ferdig planlagt. Men ut frå dette så har vi på leiarplass reist ein del problemstillingar og oppmodar både tilhengarar og skeptikarane til dei nye kommunane om å vere på banen med sine gode argument.
Fokus på kvinner: Det siste to åra har Fjordenes Tidende hatt sterkt fokus på kvinner. Prosjektet «Likestilt» vore ein viktig del av vår journalistikk både på papir og nett. Prosjektet har som hovudmål å få fleire kvinner inn i våre spalter og auke andelen av kvinnelege kjelder.
Denne serien har hjelpt oss til å ha større fokus på kvinner. Serien har gjort at responsen frå kvinner vi har kontakta vore svært positiv. Mange kvinner som tidlegere har vegra seg for å la seg intervjue, har no sagt ja fordi dei har blitt begeistra av prosjektet og tidlegere Likestilt-saker.
Dette har vore eit stort prosjekt for ein liten redaksjon. Det krev disiplin og god planlegging å jobbe så målretta over så lang tid. Men dei som har styrt og jobba med prosjektet har vore entusiastiske og engasjerte og har gjort ein god jobb. Prosjektet har vore ein styrke for Fjordenes Tidende og heile redaksjonen har blitt bevist på å tenke like mykje kvinner som menn. Og ikkje minst har serien gjort at vi har hatt mange redaksjonelle saker med personleg preg som vi elles ikkje ville ha hatt.
Serien har også blitt lagt merke til i redaksjonar og mediemiljø nasjonalt.
Likestilt fikk heiderlig omtale frå Sogn og Fjordane journalistlag hausten 2017. Vi har vore invitert til å snakke om serien til redaktørar i Polaris Media, prosjektet blei presentert på SKUP-konferansen i 2018 og på journalistkonferansen Hauststormen. Prosjektet har også vore omtalt både i NRK og andre mediekanalar.
Trykk her for å lese om prosjektet
Trykk her for å lese alle sakene

Mykje veir: Også i 2018 var det mange orkanar og vindfulle døgn med store meengder nedbør i regionen vår. Dette førte sjølvsagt til mange utfordringar for mange. Kraftig vind skapte problem for trafikken. Båtruter og ferjer vart innstilt. Bruer var stengde og folk blei isolerte i lange periodar. Det har vore fleire ras og stengde vegar som følgje av det. Heldigvis er det ikkje snakk om at personar har blitt skadde.

Skulestruktur: Det har vore spesielt mange saker og debattar rundt skulestruktur og kvalitet i skulane i fleire av kommunane vi dekker. Dette har skapt stor debatt og stort engasjement.

Organisering av helsevesenet: Organisering av helsevesenet i samband omorganisering av Helse Førde og spesielt med endring av funksjonane til Nordfjord sjukehus har også dette året vore sentralt i nyheitsbiletet. Det har vore store debattar rundt tilbodet ved Volda sjukehus som har vorte viktig for mange brukarar i Nordfjord etter at Nordfjord sjukehus fekk endra sine oppgåver. Det same har debatten rundt kvaliteten på alle typar helsetenester vore. Mellom anna har det vore debatt rundt organisering av ambulanse-drifta og talet på ambulansar ved ulike stasjonar. Det er også stort engasjement rundt organisering av lokale legevaktordningar. I Bremanger var det mykje debatt og folkeleg engasjement når det var føreslått å legge ned helsestasjonen på Hauge i ytre Bremanger.

Samferdsle: Samferdsle med trygge og gode vegar, og gode offentlege kommunikasjonar både på sjø og land har også vore sentrale tema.
Det har og vore stor debatt rundt trase for kystvegen i ytre Nordfjord. Debatten har gått på om det skal byggjast bru ytst i Nordfjorden og kva alternativ trase ein skal velje sør for Svelgen
Det har også vore mykje debatt om ferjetilbod og bussruter. I 2018 vart ferjetilbodet på sambandet Lote – Anda auka etter at to nye el-ferjer vart sett i drift.

Nytt datasenter i fjell: Eit nytt og spennande næringsprosjekt i vår region er etablering av eit stort datasenter i dei nedlagde Olivin-gruvene i Lefdal i Eid kommune. Dette enorme prosjektet er eit resultat av sju år med planlegging rundt det såkalla Måløy-miljøet. I 2015 vart det bestemt å starte bygging av Lefdal Mine Datacenter. Våren 2017 vart anlegget opna og sett i prøvedrift. Innovasjon Norge er inne å delfinansierer, og takka vere god støtte frå lokale bankar så er prosjektet starta. I 2018 vart senteret sett i drift og dei første kundane er på plass. Datasenteret skal opererast og drivast av kundane og bedrifta LocalHost i Måløy. Dette forventar ein vil skape nye arbeidsplassar.


Verdas første skipstunnel: Stad skipstunnel som er under planlegging blir no prosjektert og prislappen for den 1.800 meter. Dette blir verdas første tunnel for skip som skal opne ei alternativ rute forbi det farefulle Stadhavet for båtar. I 2018 har det vore ein stor debatt etter at ein kvalitetsrapport konkluderte med at prisen aukar til 3,7 milliardar kroner og at enkelte meiner nytteverdien er liten. I oktober gjekk reiarlaget Hurtigruten ut å sa at dei ikkje vil bruke tunnelen. Like før jul så bestemte samferdsledepartementet at Kystverket skal rekne på tunnelprosjektet endå ein gong. Denne rapporten skal vere klar i juni 2019. Dei som kjempar for prosjektet lokalt har likevel ikkje gitt opp å få bygd denne tunellen.

Dramatisk hotellbrann: Natt til fredag 25. november i 2016 tok det til å brenne i Selje hotell, hotellet ved storhavet. Naboar oppdaga brannen og varsla om den. Alt tilgjengeleg brannmannskap var raskt ute, og når dei kom så var romfløyen ved det flotte hotellet fullstendig overtent. Fjordenes Tidende var tidleg ute med reportar ved hotellet og vi dekka denne dramatiske brannen tett på nett gjennom heile helga. Vi laga både videoar og nettsaker, og hadde veldig høge besøkstal på nettsida vår. At vi var der med reporter gjorde at vi fekk mange tips om brannen, og vi kunne hjelpe til med å informere folk om kva som skjedde. Ingen personar vart heldigvis skadde. Nokre veker etter brannen vart tre av eigarane pågripne av politiet og vart varetektsfengsla mistenkte for å ha tent på eller bidrege til å tenne på hotellet. Det vart varetektsfengsla først i fire veker, og seinare i fire nye veker. Dei tre har gjennom sine advokatar nekta for å ha gjort dette. I 2017 har vi følgd tett på det som har skjedd etter brannen. Hausten 2017 var det rettssak mot dei tre sikta brørne. Hotellsjefen innrømte å ha tent på hotellet og vart i Fjordane Tingrett dømd til fengsel i 5,5 år. Styreleiaren, som også var tiltalt, vart frikjent. Men aktoratet anka frikjenninga. I april skulle ankesaka opp i lagmannsretten, men vart avbroten midt under saka då styreleiaren sin forsvarar vart sjuk. Saka vart gjennomført på ny i oktober, og her vart han dømd til seks år og seks månader i fengsel for medverknad til brannen.
I 2018 vart det og etablert eit selskap som arbeider for å bygge nytt hotell i Selje. Det vart og bestemt at arbeidet med å rive branntomta skal starte.

Vanskeleg kommuneøkonomi: I dei fleste kommunane i vår region er det vanskeleg kommuneøkonomi. Det har ført til store debattar om kvaliteten på kommunale tenester og tilbod, nedlegging av skular og barnehagar. Vi har sjølvsagt følgd dei mange prosessane tett både i kommunale møter og gjennom intervju med sentrale aktørar og brukarar av tenester. Kommunane som skal slå seg saman til Stad og Kinn kommune etter 2020 har også trong økonomi og stor lånegjeld.

Kultur og sport: Vi er tett på og dekker det meste som skjer av det rike kulturlivet, sport og idrett som er i regionen. Vi er på mange arrangement, og store deler av våre spaltar både på papir og nett er fylt med denne type saker. Mange barn og unge brukar mykje av fritida si på dette og dette er eit viktig stoffområde for avisa.
Vi er tett på det som skjer med lokalfotballen. Vi føl dei lokale laga sjølv om dei fleste er i lågare divisjonar. I 2018 var det konkrete forhandlingar mellom dei to stlrste klubbane i Vågsøy, Tornado Måløy og Skavøypoll om å slå saman klubbane med eit felles topplag. Men eit fleirtal av medlemmene i Skavøypoll stemte nei på årsmøtet, og dermed blei det ikkje samanslåing.

Vi er og dekker mange lokale fotballcupar.

I vårt område er det mange spennande festivalar. Den største er Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid. Festivalen har fått mange prisar nasjonalt.

På Nordfjordeid har vi også Opera Nordfjord som har store oppsettingar kvart å som engasjerer både aktørar og publikum i heile Nordfjord.

Krim: Etter at politireforma vart innført og operasjonssentralen vart flytta frå Flora til Bergen 8. november i 2017 så er det spøkefullt sagt at det er slutt på kriminalitet her i fylket. Dette er dessverre ikkje rett. Det stadfestar regionlensmann i Nordfjord, Tormod Hvattum til Fjordenes Tidende. Han seier politiet har like mykje å gjere no som før 8. november i 2017. Politiet innrømmer no at dei ikkje har klart å informere lokale media her i fylket om det som skjer så godt som før. No kan mange av oss seie: kva var det vi sa før denne reforma vart innført.
For Fjordenes Tidende er det viktig å formidle det som skjer, oppdrag som politiet er ute på og brotsverk som blir gjort så snart vi kan. Dette har både ein opplysande og ikkje minst ein førebyggjande effekt. Vi trur at det er viktig å formidle kva som blir følgjene av brotsverk, at det er eit politi og rettssystem som straffar dei som bryt lovene om det er i trafikken eller andre stadar. I 2017 var det stort fokus på politireforma og endringane som skjedde i politiet. 8. november vart den lokale operasjonssentralen i Sogn og Fjordane i Flora lagt ned og sentralisert til Bergen i samband med at Sogn og Fjordane vart slått saman med Hordaland til nye Vest Politidistrikt. Etter det så vart politiet merkbart dårlegare på informasjon om kva som skjer i vår region. Vi merka også at det var nesten umogleg å få komme i kontakt med folk på operasjonssentralen i Bergen når vi hadde kjennskap til at det skjedde ulukker, trafikkontrollar, brann eller andre situasjonar som politiet jobbar med. Utanom kontortid på kvardagar har det vore vanskeleg å få kontakt med lokale polititenestfolk og patruljar for å få vite kva som skjer. I tider der mange deler bilete og meldingar om ting som skjer usensurert på sosiale media, har vi som redaktørstyrde media eit stort ansvar med å komme ut raskt med rett informasjon om ulukker og hendingar som ei motvekt til rykte og feilaktige spekulasjonar som fort spreier seg på sosiale media. Såleis er vi avhengig av at politiet finn måtar å gje oss rask og korrekt informasjon, og at vi kan få snakke med politi som har lokalkunnskap og som kan formidle korrekt fakta om det som skjer. Når det skjer ulukker og hendingar der politi, naudetatar og blålys blinkar, så er det stor interesse, og vi i media har eit stort ansvar å få ut rask informasjon. Vi veit også at politiet ofte har stor nytte av å få ut informasjon til publikum og ikkje minst hjelp til å oppklare brotsverk. Det er også viktig at innbyggarane får vite at vi har eit synleg og aktivt politi som oppklarer brotsverk og som arbeider med å førebyggje brotsverk og å sikre tryggleiken til innbyggarane. Her har det nye politiet og media ei stor og viktig oppgåve å finne ut korleis dette kan løysast og gjerast betre for begge partar. I 2018 har Fjordenes Tidende hatt fleire dialogmøter med lokalt politi i kommunane vi dekker, med politiet i fylket og med leiinga for Vest Politidistrikt. Målet er å betre informasjonen.

Lagar fleire magasin: Eigenproduserte magasin og temabillag er viktig bidrag til drifta av Fjordenes Tidende. Og vi meiner sjølve at vi er ganske gode på det.
Gjennom året lagar vi 7-8 temamagasin retta med større arrangement høgtider. I desse magasina får lokalt næringsliv og kommunar profilere sine varar og tenester. Vi har også eit rikhaldig og variert redaksjonelt innhald om arrangementa og aktuelle hendingar og personar.

