Svar på spørsmål frå stiftelsen
1. Fjordingen har framleis dei største inntektene frå annonser på papir. Vi ser det difor ikkje på utviklinga som ein overgang frå papir til nett, men ser heller bruk av alle kanalar og medieplattformer i ein heilskap.
Fjordingen er eigar av Radio Stryn, og i tillegg til nettavis, E-avis, og bruk av sosiale medium blir også radiokanalen (FM-bandet og nettradio) ein del av Fjordingen sin samla mediepakke:
- Nettartiklar, bildeseriar, opne saker og plussaker
- E-avis
- Video
- Papirartiklar/papiravis
- Lokale radiosendingar nettradio/FM (sport, musikk/underhaldning)
- Streaming av kommunestyre, fotball m.m.
- Digital julekalender (ikkje kvart år)
- Podcast
- Bruk av sosiale medium til deling av saker/linkar og publikumskontakt
2. Digital lesing og korleis auke desse er eit gjennomgåande tema i redaksjonsmøte. Vi brukar tilsendte rapportar og eigne tal til å evaluere til dømes bruken av opne/lukka saker. Trenden hos oss viser at det er blålyssaker, opne, som får høgst lesartal. Men også humor, kjendis og personsaker scorar høgt, sjølv i dei tilfella desse er abonnentsaker. Vi ser til kollegaer og diskuterer på samlingar i ulike fora for å finne den nødvendige balansegangen mellom opne saker og abonnentsaker.
3. Kommunesamanslåings- og regionreformprosessane har vore tema på leiarplass fleire gongar. Det har heile tida vore fokus på å vere tydeleg på leiarplass og grunngje standpunkta sine. Samstundes har det ikkje vore nokon grunn til å ikkje ta stilling i prosessane der det har vore naturleg. Dette har utløyst både debatt og lesarinnlegg, noko som må sjåast på som positivt.
4. Lokalpressa sitt samfunnsoppdrag: Vi evaluerer fortløpande kva vi ser på som vårt samfunnsoppdag og korleis vi best kan utføre dette i høve til dei kommunane vi dekker. Vi ser både i sosiale medium, på lesarinnlegg og gjennom publikumshenvendelsar at lokalavisa er med og set dagsorden i debattane lokalt. Universitetet Nord sin rapport om lokalpressa stemmer nok også til ein viss grad på oss, men det vert på huset halde stort fokus på fleirkjeldejournalistikk (unngå einkjelde) og å belyse sakene frå minst to sider. Folkeopplysingsdelen meiner vi at vi ivaretek godt, det viser også lesartala våre på nett: Det er dei raske nyheitene om verforhold, vegforhold, rasfare og ulike blålyssaker som vert mest lest. Eitt av måla våre framover er å klare å løfte fram personjournalistikken, enkeltskjebnene, dei som gjev andlet til nyheitene. Dette er også ein del av vårt samfunnsoppdrag, og her har vi ein jobb å gjere framover, sjølv om vi lukkast til tider.
5. Personalisering og individuelt tilpassa innhald har ikkje hatt prioritet hos oss. Redaktøren er heller ikkje overbevist om at dette bør prioriterast, særleg ikkje av ei lita lokalavis.
Som eit lite mediehus og med redusert bemanning dei siste åra, meiner vi på generelt grunnlag at dei større mediehusa med betydeleg større ressursar må gå opp løypa på dette og andre område.