Fjuken skal vera den mest lesne avisa i dekningsområdet, både på papir og nett. Vi har tidlegare hatt undersøkingar som syner at vi har vore det, og har ei god husstandsdekning på papir i dei tre kommunane vi dekkjer; Vågå: 37 %, Lom: 76 % og Skjåk: 84 % (uoffisielle tal).
Avisa har i fleire år vore digital, men gjekk i løpet av 2017 over til plussløysing på nett. Det kan ein seia vi haustar fruktene av nå, da stadig fleire fylgjer oss digitalt. Truleg har vi abonnentar vi ikkje hadde hatt om vi berre kom ut på papir.
Vi er tett på lesarane, alle kjenner alle i nedslagsfeltet, og alle veit «kven» Fjuken er. Det kan like gjerne vera ei ulempe som ein fordel. Konkurransen med andre lokale media og sosiale media, gjer at vi heile tida lyt finne eigne gode saker. Samstundes skal vi ha søkeljoset på kva det offentlege driv med, og fylgje lokalpolitikken tett.
Mange av dei nye reiskapane vi har teke i bruk gjev oss moglegheit til å sjå kva lesarane verkeleg les, kva dei helst vil ha - og kva som ikkje blir lese.
Fjuken skal spegle lokalsamfunna, både på godt og vondt. Vi har eit like stort ansvar for å syne fram dei positive sidene ved bygdene våre som dei negative, men frå lokalpolitikarane si side blir vi ofte oppfatta som negative.
Fjuken skal gjeva lesarane opplevingar dei ikkje får andre stader. Med fleire andre medie i same dekningsområde, er det konkurranse om å vera fyrst ute med nyheiter. Her meiner vi sjølve at vi er nokså kjappe og er eit nyheitsmedium på nett. Alle sakene er også delt på Facebook, og mykje av trafikken kjem derifrå.Vi lagar tre magasin i året, i tillegg til store aviser før jul. Magasina blir distribuert til hytteeigarar og elles til alle husstandar i Ottadalen.