Møre-Nytt er den største fådagarsavisa i Møre og Romsdal, og «nummer 1 i Ørsta-Volda». Målet er å halde på, og utvikle, denne posisjonen. Vi må og ha ambisjon om å vere ein viktig regional aktør på Søre Sunnmøre, der vi har sju kommunar som vert meir og meir integrerte.
Konflikten mellom ungdomar i bil og sentrumsbuarar som ikkje får sove om natta er eit døme på ei sak der Møre-Nytt har sett dagsorden. Konflikten er klassisk og har vore oppe før, men spissa seg i sommar. Ein part, «sentrumsbuarane», har vore lite synleg i avisa. Ingen av dei vågar å stå fram med namn, av frykt for represaliar. I ein slik situasjon er det forsvarleg at dei får uttale seg anonymt. Ungdomane på si side har stått fram, og har fått kome til orde med sitt syn.
Ei anna stor sak var det som skjedde rundt arrangementet «Bygdepride». Den homo-kritiske pastoren Hans Reite fekk store overskrifter då planane for parade under regnbogeflagget vart kjende hausten 2017. Dette skapte stor merksemd om Bygdeprideparaden, som vart arrangert i byrjinga av mai. Paraden vart ein folkefest som har inspirert til andre Bygdepride-arrangement, både på små plassar og litt større (Ålesund).
Ein av journalistane i Møre-Nytt har hatt ei sentral rolle i Bygdepride. Det har vore ei utfordring å handtere saka slik at vi ikkje endar opp med skuldingar om at avisa vert brukt til å fremje eit arrangement som i utgangspunktet var konfliktfylt. Det meiner eg at vi klarte ved å gi romsleg plass til kritiske røyster.
Lokalavisene får stadig kritikk for å vere for lite kritiske og å drive lite avslørande journalistikk. Realiteten er nok at det store arbeidspresset litt for ofte fører til at saker vert handtert overfladisk. Vi har i alle fall eitt døme på at Sunnmørsposten har dekt ei viktig Ørsta-sak meir kritisk enn Møre-Nytt. Den handlar om at ein tung lokal næringslivsaktør kalla inn utvalde politikarar til eit møte om ei omstridd sak, dagen før saka skulle handsamast politisk.
Einkjeldesaker
For mange einkjeldesaker er noko av kritikken mot lokalavisene. Det er rett at vi har mange einkjeldesaker, og at den eine kjelda ofte er eit tørt dokument, eller ordføraren. Men det er feil å seie at vi ikkje tør å ta opp kontroversielle saker.
Eg vil hevde at profesjonaliseringa av eigarskapet til lokalaviser, i vårt tilfelle gjennom Polaris Media, har gjort lokalavisene meir uavhengige, og skapt betre grobotn for å ta opp kontroversielle saker, enn då dei same lokalavisene var familieeigde.
Medieforskarar som vil grave i denne problemstillinga kan samanlikne Møre-Nytt med konkurrenten Møre, som framleis er familieeigd.
Som nemnt over har Møre-Nytt ambisjonar om å spele ei rolle regionalt, og her skjer det endringar. Gjennom danninga av Ålesund storkommune vert det eit nytt kommunekart på Sunnmøre. På den eine sida stor-Ålesund og på den andre ei klynge av mellomstore kommunar på Søre Sunnmøre.
Saka om finansieringa av Nordøyvegen i haust var eit døme på ei sak der Ålesund storkommune og Søre Sunnmøre hadde motstridande interesser. Nordøyvegen er eit milliardprosjekt der fylkeskommunen tar på seg store utgifter, noko som kan gå ut over skulebygging, mellom anna i Ørsta og Herøy. I denne saka har Sunnmørsposten og lokalavisene på Søre Sunnmøre eit ulikt perspektiv, noko som avspeglar seg i spaltene.
Det er all grunn til å tru at det i framtida vert fleire interessekonflikter, og kamp om fylkeskommunale ressursar, mellom det nye stor-Ålesund og resten av Sunnmøre. Lokalavisene på Søre Sunnmøre bør då heve blikket ut over sine tradisjonelle dekningsområde, og ta på seg ei rolle som sterkare talerør for den nye Søre-regionen.
Prisar
Møre-Nytt sin journalist Joachim Kroken Åsebø fekk Møre og Romsdal Journalistlag sin fotopris for 2017. Vinnarbiletet var av motbakkeløparen Andreas Skylstad.
Etikk
Møre-Nytt har ikkje blitt klaga inn for PFU i 2018.