Sunnmørsposten skal vere nyheitsleiande, og sette dagsorden med saker som er viktige for våre lesarar. Vi skal sette folk i stand til å forstå samfunnet rundt seg, ved å informere om det som skjer, avdekke kritikkverdige forhold og ved å skape ein fellesarena for dialog og meiningsutveksling.
Her er nokre av dei sakene som har prega året:
Kommunesamanslåing:
Dei fem kommunane Ålesund, Skodje, Ørskog, Haram og Sandøy skriv Norgeshistorie når dei frå 1. januar 2020 blir til ein kommune. Samanslåinga er ein av dei største i landet. Sunnmørsposten gjennomførte reportasjeserien «Oppdag nye Ålesund» der vi reiste på kryss og tvers i dei fem kommunane og snakka med folk, spurde kva dei var opptekne av, og korleis dei såg på framtida i ein felles kommune. Serien vart gjennomført med pengestøtte frå Fritt Ord, noko som gjorde det muleg å satse breiare enn vi elles kunne ha gjort. Tilbakemeldingane var svært positive. Litt seinare på året gjennomførte vi same opplegg i Volda og Hornindal, som også skal bli ein kommune i 2020.

Slik behandla vi kommune- og regionreforma på debattplass:
I 2018 var det avklart at Møre og Romsdal skulle halde fram som eige fylke, etter lange debattar året før. Vi har skrive leiarar/kommentarar der vi har slått fast at det må verte sett sluttstrek for omkampane om regionreforma, vi har åtvara mot kreftene som arbeider mot å flytte makt ut i regionane, vi har meint at regjeringa flyttar for lite makt ut, vi har meint at regjeringa har landa reforma klønete og vi har vore kritisk til namnevalet «Vestland». Men vi har også slått fast at med dei oppgåvene dei nye regionane har fått, er det ingenting i det som gjer Møre og Romsdal for liten som eiga eining.
Vi har også vore kritiske til organiseringa av nye Ålesund kommune, og har meint at det vert oppretta for mange stabsfunksjonar og at det i staden burde vore frigitt meir til operativ tenesteproduksjon. Vi har hatt meining om val av Ålesund sitt byvåpen som kommunevåpen til den nye kommunen, og vi har hatt meining om at for mykje av debatten handlar om nettopp dette: Byvåpen, språk osv, og ikkje om kva konsekvensar og mulegheiter det får for dei tenestene innbyggarane skal få. Vi har også tatt til orde for at dei nye, større kommunene må få fleire oppgåver. Og vi har vore positive til at dei nye kommunedelsutvala kan få ei viktigare rolle som utviklingsutval.
Næringsliv
Møre og Romsdal er eit av dei fremste eksportfylka i landet, og derfor er det avgjerande at Sunnmørsposten har ei god dekning av arbeidsliv og økonomi. Ei av dei store endringane som skjedde i 2018, var at Ekornes fekk kinesiske eigarar. «Ekornes er meir enn ei vanleg industribedrift for sunnmøringen. Derfor riv det i den sunnmørske gründersjela om møbelflaggskipet blir kinesisk», skreiv politisk redaktør Jan Erik Røsvik på kommentarplass, og sette ord på det som mange følte. Sjølv om det bedriftsøkonomisk kan vere ei god løysing for Ekornes å få nye eigarar, så skaper det uro at det blir gjort stadig fleire kinesiske investeringar i norske teknologibedrifter.

Sjukehusøkonomi
Helse Møre og Romsdal må kutte nesten ein halv milliard kroner dei tre neste åra. «Vi er snart ikkje i stand til å betale rekningane våre», uttalte adm.dir. Espen Remme, då han saman med styreleiar Ingve Theodorsen i Helse Møre og Romsdal informerte styret for Helse Midt i november. I oktober gjekk helseføretaket med 23 millionar i minus. Heilt sidan etableringa i 2011 har Helse Møre og Romsdal slite med å oppnå driftsøkonomisk balanse. Driftsgrunnlaget vart redusert som følge av endring av finansieringsmodell. Framtida for sjukehusa i Møre og Romsdal har vore tema for nyheitssaker og reportasjar, og mange er uroleg for at dårleg økonomi skal føre til svekka helseteneste.
Forureining
Sunnmørsposten har hatt fleire saker om at det er blitt dumpa forureina masse i nærleiken av drikkevasskjelda i Brusdalen. Før jul vart det omsider klart at det skal gjennomførast omfattande analyse av desse områda for å få svar på om miljøgifter kan sige ut i drikkevatnet. I sommar laga vi saker om kloakk som gjekk ureina ut i sjøen. Fylkesmannen har pålagt Ålesund kommune å rydde opp, og vi skal passe på at det blir gjort.

Drap på open gate
Mandag 26. februar vart ein ung mann stukken med kniv og drepen på open gate i Ålesund sentrum. Vi brukte tid og ressursar på å finne ut korleis dette kunne skje, og vart kjent med ein miljø som er usynleg for dei fleste. Det var eit miljø prega av rus, vald og trugsmål. Vi intervjua mellom anna ein ung mann, som sjølv hadde blitt knivstukken av gjerningsmannen, og som etterlyste betre hjelp og oppfølging for personar med rus- og psykiske problem. Vi snakka med ei mor til ein narkotikamisbrukar som vart banka opp av maskerte menn i sitt eige husvære i Ålesund. Ho lever i stadig frykt for kva som kan skje, og meiner politiet må vere mykje tettare på bakmennene for å kunne ta dei. Politiet fortel om et miljø som er blitt mer brutalt. Dette er informasjon som det er viktig å få fram i lyset. For å kunne løyse eit problem, må ein først erkjenne at det finst.
Her er alt om denne saka.

Avskjed med ein krigshelt
21. oktober sovna Joachim Holmboe Rønneberg fredeleg inn, snaue to månader etter han fylte 99 år. Gravferda frå Borgund kyrkje vart gripande: Med heile det offisielle Norge til stades klarte ein å balansere det verdsberømte med det varme, nære og private. Heilt til det siste fekk både by og familie langvegsfarande vitneprov frå framande om kor sterkt inntrykk Rønneberg gjorde på dei.
– Han forstod kor viktig det er at folket står saman med Forsvaret. Han hadde meir tru på menneska enn teknologien, og det synet deler eg med han, sa Eirik Kristoffersen, ven av Joachim og sjef for Heimevernet.
Norges første Bygdepride
Mellom 3.000 og 4.000 menneske deltok i Norges første Bygdepride i Ørsta og Volda og skreiv historie. Sunnmørsposten hadde brei dekning både i forkant, under og etter arrangementet, og alle sakene er samla her.

Historia om ein medisinsk redningsaksjon
Korleis kan ei heilt frisk jente bli livstrugande sjuk av influensa? Det var utgangspunktet for reportasjen om Julie Furset Johansen frå Stranda som vart alvorleg sjuk julaftan 2017. Det vart ei gripande historie om ein medisinsk redningsaksjon på tre sjukehus i tre norske byar, og viser norsk helsevesen på sitt aller beste. Denne reportasjen vart ein av dei mest leste i 2018, og du kan lese den her.

Reportasjetur til Kenya
Sunnmørsposten har i fleire år skrive om hjelpearbeidet som sunnmøringen Gunnar Hamnøy står i spissen for i Kenya, og vi ville undersøke om pengane kom fram dit dei skulle. Journalist Sofie Svanes Flem og fotograf Staale Wattø reiste rundt i Kenya i 14 dagar, og rapporterte om arbeidet. Dei formidla mange sterke historier om barn i slummen som får mat og skulegang, om familiar som har fått ein ny start, og om unge par som gifta seg i bryllaupsklede frå Ålesund. Arbeidet blir drive gjennom lokal hjelpeorganisasjon i Kenya, men støtte frå givarar frå Nordvestlandet. Det er viktig å få fram det som fungerer, og som kan inspirere andre til innsats for andre.

OL-gull
15. februar 2018 er så langt Johannes Thingnes Bøs største dag, i ein suksessrik skiskytterkarriere. Då tok stryningen gull på normaldistanse 20 km under OL i Pyeongchang. Dermed har både Johannes og storebror Tarjei Bø gull i olympiske leikar. Det vart ein kjensleladd augneblink for brødrene då Johannes sin seier var sikra i Korea. Begge brødrene har vunne Sunnmørspostens idrettspris; Tarjei i 2010, Johannes i 2013.
Nordøyvegen
Nordøyvegen vart vedtatt på fylkestinget i Molde 11 desember med 26 mot 21 stemmer. Dette er det største vegprosjektet i fylket gjennom tidene. Dei totale kostnadene ved utbygginga vil være på rundt fem milliardar kroner. Vegen skal gi øyane Lepsøy, Haramsøy, Longva, Fjørtoft og Harøy fastlandssamband. Prosjektet består av ei stor bru, ei steinfylling og tre undersjøiske tunnelar. Arbeidet startar 4. mars i år og førbels opningsdato er 12 mai 2022.
På nyheitsplass har vi hatt ei undersøkande tilnærming til prosjektet for å sikre at alle fakta kjem på bordet. På debattplass har vi lagt vekt på å publisere innlegg av både tilhengarar og motstandarar av prosjektet, og på leiarplass har vi tatt stilling og argumentert for at Nordøyvegen bør fullføras.
Det skal alltid vere eit klart og tydeleg skilje mellom meiningsstoff og uavhengig nyheitsstoff. Lesarane skal vere trygge på at vi leiter etter fakta utan noko form for bindingar. Det at vi er positive til eit samband på leiarplass, skal ikkje påverke den redaksjonelle dekninga på nyheits- og reportasjeplass.