Det er jamleg redaksjonsmøte i Vestlandsnytt. Vi ser både bakover (utført arbeid) og framover (komande saker/emne/fokusområde). Staben består av tre yngre journalistar, alle med mediefagleg utdanning. I tillegg nyttar vi innkjøpt redaksjonelt stoff samt at avisa har skrivande redaktør.
Alle journalistane har vore på seminar/kurs/samlingar, anten i regi av NJ eller LLA, i løpet av 2019. I tillegg held to av journalistane å med påbygging/vidareutdanning fagleg (høgskule/universitet).
Etikk
Det har i 2018 våre klaga til PFU på saker i Vestlandsnytt. Det manglar likevel ikkje på presseetiske problemstillingar. «Korleis skal vi «angripe» denne saka? Kven bør få kome til orde? Kva bør vi unngå å omtale? Kvifor er det viktig at denne saka bør gjerast kjend/setjast søkjelyset på?» Det er berre nokre spørsmål som heile tida er aktuelle, og slik bør det også vere.
Såkalla «falske nyheiter» vil erfaringsmessig vere relativt enkle å oppdage i ein lokalavisredaksjon. Ei utfordring knytt til det same emnet er lesarinnlegg der innsendaren tydeleg har gjort seg opp ei meining som er radikal og av mange sett på som så langt «over kanten» at det tenderer til «usant». Generelt har vi likevel ein låg terskel for å få synspunkt på trykk.
Eit relevant område for oss å bli betre på, er oppfølging av saker. Dette kan for ei lokalavis vere ei utfordring, då journalistane gjerne må gå på nye saker fortløpande, utan høve til å dvele lenge ved ei og same sak. Her bør vi prioritere betre.
Når det gjeld kjeldebruk har det tradisjonelt vore ei utfordring at det er mange gjengangarar i spaltene. Difor er det viktig med fleire kjelder knytt til sakene, og her har vi blitt flinkare. Likevel kan det stundom vere ei utfordring «å få fleire på bana», slik at kjeldene kan reknast som eit representativt utval. Å få med fleire unge, og fleire kvinner, må vere ei målsetting når det gjeld kjeldebruk, ikkje minst i eit lokalsamfunn der mennene gjerne dominerer både når det gjeld lokalpolitikk og næringsliv.
Endre Vorren
Ansvarleg redaktør
Vestlandsnytt