Vikebladet Vestposten

2018 vart eit godt år for Vikebladet Vestposten. Fleire teikna abonnement, og annonsørane ser framleis stor verdi i å bruke lokalavisa. Avisa dekkjer eit område som har eit aktivt kulturliv, variert næringsliv og idrettsutøvarar av internasjonalt kaliber. Vi dekkjer kommunane Hareid og Ulstein, og følgjer adminstrasjon og lokalpolitikken tett. Vi opplever at avisa framleis har stor verdi og gjer ein viktig jobb i lokalsamfunnet.

Fakta
Samlet opplag 4117
Utgiversted Ulsteinvik
Ansvarlig redaktør Linda Eikrem (47)
Hareid og Ulstein
Kommer ut Tysdag, torsdag og laurdag
Daglige lesere totalt
9500
Daglige brukere på nett
4700
Daglige brukere på mobil
3400
Fordeling lesere
  • Antall sider produsert
  • 3250
  • Redaksjonelle årsverk
  • 5
  • Fordeling stoff/annonser
  • Antall lederartikler
  • 43
  • Antall kommentarer
  • 5
  • Antall innlegg på nett
  • 80
  • Refuserte innlegg på nett
  • 0
  • Antall gjestekommentarer
  • 43
  • Antall leserinnlegg
  • 400

    Mål og prioriteringar

    Vikebladet Vestposten skal vere ein viktig og synleg aktør i lokalsamfunnet. Målet er å setje dagsorden, ha saker som engasjerer innbyggarane og la flest mogleg få kome til orde.  Målet er også å spegle det mangfaldige samfunnet vi dekkjer, det gjeld både næringsliv, kulturliv og samfunnsliv. Vi skal setje fingeren på det som ikkje fungerer i lokalsamfunnet, men vi skal også fortelje suksesshistoriene om dei som lukkast. Vi skal vere nær lesarane våre, senke terskelen for å snakke i lokalavisa. Vi skal vere raskt ute med hendingsnyheiter og på nett skal vi halde fram med å vere den største nyheitsportalen på Søre Sunnmøre. Målet er å få endå fleire av lesarane til å bruke det digitalet tilbodet vi har, og sjølvsagt også å få nye lesarar.  Vikebladet Vestposten skal rett og slett vere eit “must” for dei som bur i Hareid og Ulstein. Også i 2018 kom avisa ut med tre papiraviser i veka, samstundes som vikebladet.no er døgnope. Vi som jobbar her føler nok ofte at tida ikkje strekk til, at vi ikkje får følgt opp alle saker slik vi kunne ha tenkt oss.

    Legg til i min rapport

    Avisa si samfunnsrolle

    Ifølgje Ver Varsam-plakaten er samfunnsoppdraget tredelt: vi skal informere om det som skjer, opne for debatt og overvake dei som sit med makta i samfunnet.

    Lokalavisa skal gje lesarane noko å prate om, vere noko innbyggarane har felles. Det forpliktar. På vikebladet.no ser vi at lesarane ventar at vi skal vere raskt ute med hendingsnyheiter. Er det til dømes brannutrykking, ser vi at lesartala sprett i vêret. I tillegg til å følgje politi, vegtrafikksentralen og 110-sentralen på twitter, er vi avhengige av tips og sosiale media for å få med oss slike hendingar. Lesarane våre er flinke til å tipse og sende bilde, og det er spesielt gledeleg at også unge menneske ser ut til å ha eit aktivt forhold til avisa. Også i 2018 var saker som handla om ulukker, leiteaksjonar, ferjetrøbbel og lovbrot mellom dei mest lesne på nettsida vår. 

    Vikebladet Vestposten følgjer lokalpolitikken tett, og har journalist på alle formannskaps- og kommunestyremøte i både Hareid og Ulstein. Vi meiner det er viktig å følgje med på dei som bestemmer i kommunane og å fortelje lesarane kva som vert sagt og avgjort på desse møta. Vi opplever at mange av lesarinnlegga handlar nettopp om saker som vert behandla av administrasjon og politikarar i dei to kommunane. Både Hareid kommune og Ulstein kommune har no eigen informasjonsmedarbeidar, og vi ser at det framleis er viktig å ha ei uavhengig avis med fritt kjeldeval og kritisk blikk på dei som sit med makta.

    Som lokalavis er det også viktig å la så mange som mogleg frå dekningsområdet vårt få kome til orde, dette gjeld både som intervjuobjekt, på kommentarplass og gjennom lesarinnlegg. Også i 2018 hadde vi i kvar laurdagsavis ein kommentar frå ein ekstern skribent. Fleire av dei var ungdomar, den yngste femten år gamal. Vi har også i fleire reportasjar intervjua asylsøkjarar og flyktningar i kommunane Hareid og Ulstein.

    Samfunnsoppdraget inneber også å setje fingeren på det er som vondt i samfunnet. I oktober hadde Vikebladet Vestposten ei større sak (seks sider) om sjølvmord.


    Vi gjekk utifrå talet på sjølvmord i dei sju kommunane på Søre Sunnmøre frå 2012 til 2016, braut tala ned på kommunenivå og viste at det i Hareid var sju personar som hadde teke livet sitt i denne perioden. Ingen av dei sju kommunane, som samarbeider om mykje, hadde diskutert dette politisk. I arbeidet med saka fekk vi reaksjonar frå helsevesenet om at vi burde la dette temaet ligge, fordi dei frykta at omtale av sjølvmord skulle ha ei smitteeffekt. 

    I tillegg kan det nemnast at vi i 2018 hadde eit eige bilag i samband med Smak av Ulstein, bilag om Trebaatfestivalen, og at vi samarbeidde om temasider om hus, heim, hage og interiør med Møre-Nytt. 

    Legg til i min rapport

    Legg til i min rapport

    Svar på spørsmål frå stiftinga

    Utviklinga frå papir til nett:
    Ved utgangen av 2018 nærma vi oss 1000 reine digitale abonnentar. Talet var då 975.
    Det er ikkje til å legge skjul på at det er utfordrande både å drive døgnopen nettavis og gje ut papiravis tre gongar i veka. Det er to ganske ulike måtar å jobbe på. Vi har ikkje stor nok stab til å la journalistane jobbe med anten det eine eller det andre, difor må alle ha to tankar i hovudet på same tid: nyheitssaker skal på nett så fort som råd, kva blir då oppfølginga i papiravisa eit par dagar etterpå? “Nettet først” gjer at stadig fleire av sakene har vore publisert digitalt før dei kjem ut i papiravisa. Ingen av lesarane våre har klaga på det.
    Lesing digitalt:
    Ei nyheitsnettside skal vere open døgnet rundt alle dagar i året. Det er krevjande og krev både kvalitet og kvantitet når det gjeld stoffet som blir presentert. I snitt er 55-60 prosent av sakene på vikebladet.no for abonnentar. Og så mange som 47 prosent av abonnentane våre brukar det digitalet tilbodet i løpet av ei veke. 
    Eit viktig løft for Vikebladet Vestposten i 2018 var streaming av Hødd sine 2. og 3. divisjonskampar saman med Sunnmørsposten. 
    Vi brukar også Facebook-sida (https://www.facebook.com/Vikebladet/) vår aktivt til å legge ut saker, både opne og pluss-saker. Det blir ofte stort engasjement i kommentarfeltet, som igjen gir grunnlag for oppfølgingssaker.
    Kommunereform/regionreform:
    Det er ein debatt som i 2018 låg ganske død på Hareidlandet. Kommunesamanslåing har vore eit ikkje-tema i dekningsområdet vårt og har dermed ikkje vore naturleg å skrive om på leiar-/kommentarplass.
    Samfunnsoppdraget:
    Debatten haust handla om at lokalpressa sviktar sitt oppdrag. Mellom anna skreiv Anki Gerhardsen at det er mykje sport og lite kritisk tenking i lokalpressa. Det er den evige diskusjonen om lim- og lupefunksjonen til lokalavisene. Vikebladet Vesposten fyller ein funksjon på Hareidlandet som ingen andre gjer: ei avis med fritt kjeldeval, låg terskel og høgt under taket. Sjå elles punktet om samfunnsrolla tidlegare i denne rapporten.
    Personalisering, individuelt tilpassa innhald:
    Vi er usikre på om dette er særleg relevant for ei lokalavis som Vikebladet Vestposten. Det er nok meir relevant for større publikasjonar med eit langt større tal på publiserte saker per dag. Vi likar å tru at lesarane våre finn svært mykje av stoffet vårt interessant, rett og slett fordi det handlar om nærmiljøet og kvardagen deira. 
    Legg til i min rapport

    Journalistfagleg utvikling

    På denne fronten har vi lite å fortelje om frå 2018. Dette er nok det det blir minst tid til å løpet av kvardagen, sjølv om vi omtrent dagleg har faglege diskusjonar. 

    Journalist Ole-Ottar Høgstavoll er framleis leiar i Norsk Journalistlag i Møre og Romsdal, eit verv han fekk mot slutten av 2017. 

    Redaktøren deltok våren 2018 på ei NJ-samling i Ulsteinvik, saman med Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest. Tema var næringslivsjournalistikk.

    Etikk

    I ei avis med lite, avgrensa dekningsområde melder det seg stadig etiske dilemma.
    Til dømes i kriminalsaker: kor mykje informasjon kan vi gje utan å identifisere gjerningsperson og fornærma? Skal vi skrive kommunenamn? Alder? Nasjonalitet? Kjønn?
    Spesielt i ein tidleg fase i slike saker er dette viktig å diskutere.

    Det er ikkje til å skjule at dei tilsette har eit stort produksjonspress og oftast kort tid til deadline. Målet er å få ned talet på einkjeldesaker, og å gje kjelder rimeleg med tid til å svare, for å oppfyle kravet til tilsvar og samtidig imøtegåing.

    Vikebladet Vestposten vart ikkje klaga inn for PFU i 2018.

     

    Linda Eikrem,

    ansvarleg redaktør og dagleg leiar

    Legg til i min rapport